Lionsklubben i Stryn har for andre gong finansiert ein brønn i Uganda. Denne gongen vart pengane skaffa på ein noko spesiell måte.

Tannlege og Lions-medlem i Stryn, Emma Lønneroth, gav nemleg i fjor vekk ein veteranbil til klubben. Det var ein Mercedes 1978 modell, som tidlegare hadde gjort nytta som ambassadebil i Brüssel. Bilen auksjonerte klubben vekk til Nordfjord Kjøtt, og inntekta på 60.000 kroner var nok til å realisere brønnen i Uganda.

- Brønnen ligg ved ein skule i utkanten av byen Lira. Vi hadde ingen ned på opningsfesten denne gongen, men sist vi opna brønn hadde eg gleda av å ta turen, seier Oddvin Vonheim frå Stryn Lions Klubb. I staden stilte Franzie Lerch frå Bergen, som er Lions Norge sin sjef for ungdomsarbeid og utveksling.

Stor mot-mobbing-aksjon

Saman med dei andre medlemmane gler Vonheim seg over å sjå korleis lokalt engasjement i Stryn kan hjelpe så mange i eit land langt vekke. Men dei neste par åra blir engasjementet retta inn mot ein større nasjonal kampanje i regi av Lions Norge.

- Røde fjær aksjonen blir vårt fokus no. Det er ein landsomfattande mot-mobbing-aksjon, som ledd i eit større haldningsskapande prosjekt kalla "Det er mitt valg". Der er mellom anna dei lokale barnehagane Tonning og Vikalida med, fortel Vonheim.

Mercedesen som finansierte brønnen. Her med Lions-medlem Kåre Jørgensen. (Foto: Roy Aron Myklebust).