Grunna fare for snøskred blir fylkesveg 5723 mellom Sande og Bødal stengt i kveld klokka 20.00. Det melder vegvesenet.

Av same årsak vert også Fv. 5724 mellom Rustøyelva og Sandnes langs Oldevatnet stengd frå kl. 20.00 fredag kveld. Det skal gjerast ny vurdering av skredfaren kl. 10 laurdag føremiddag, opplyser vegvesenet.

Det er betydeleg snøskredfare (faregrad 3) i indre Fjordane fredag, men for laurdag er det varsla faregrad fire; raudt nivå med stor snøskredfare.

Det er temperaturstigning og regn som gjer at naturleg utløyste skred er venta å gå der det er vedvarande svake lag i snødekket. Unngå skredterreng.

Fv. 5723 ved Lovatnet stenger fredag kveld grunna fare for snøskred Foto: Statens vegvesen