Tysdag hadde Utrykkingspolitiet laserkontroll i 80-sona på fv 60 ved Olden.

Det vart skrive ut seks forenkla førelegg, der høgste fart var 105 km/t.

Ein mann vart meld for ikkje å ha gyldig førarkort.

Seinare på kvelden hadde UP ruskontroll på E39 ved Skei. 50 vart kontrollerte, alt ok, opplyser politiet.