Nyhende →
Lødemel held fram som ordførar
Bjørn Lødemel (H) held fram som ordførar i Hornindal med Siv Kristensen (V) som varaordførar. Det er klart etter at dei to partia forhandla fram ei valteknisk samarbeidsavtale valnatta. Høgre og Venstre gjorde eit svært bra val og sikra seg fleirtal i kommunestyret. Høgre gjekk fram eitt mandat til 6 og Venstre dobla frå to til fire. Sp gjorde eit tilnærma katastrofeval i Hornindal og gjekk tilbake frå sju til fire representantar. Ap vert ståande på tre mandat som inneverande periode.