Mars og september er tida for å søkje om kommunal støtte til kulturtiltak om du tilhøyrer Stryn. Her vert lag og organisasjonar i kommunen oppfordra om å søkje til sine arrangement og aktivitetar. Målet med ordninga er i følgje kommunen å fremje og stimulere til eit aktivt og allsidig kulturliv.

Det er to kategoriar for søknad om kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot der hovudlaget søkjer, og søknad til særskilde tiltak som kjem utanom det vanlege lagsarbeidet.

I  fjor vår vart det delt ut til saman 60.000 kroner til knapt ti forskjellige prosjekt. Teaterframsyninga Okkupasjonen, som vart sett opp i samband med frigjeringsdagen, fekk klart størst tildeling med 25.000 kroner.