Laurdag framførte komikar og programleiar Else Kåss Furuseth framsyninga Kondolerer i Stryn kulturhus for 133 frammøtte. Ho har halde på med dette sidan 2011, og Stryn blei ein slags avslutningsfest for henne. Dette var ei framsyning som bygde på hennar eigne opplevingar om å miste både mor og bror i sjølvmord.

– Treng slike stemmer

– Ho snakkar på vegner av seg sjølv og det ho har opplevd, seier Nils Petter Hauge, leiar i LEVE Sogn og Fjordane.

– Ho fekk fram mange aspekt og kjensler, og viser korleis ho har lært å leve med dette. Ho var svært reflektert over korleis ho hadde det som barn, og alle fasane frå ho var ung til i dag. ”Kvifor forlét dei meg?” er jo eit spørsmål folk stiller seg sjølv. Ho fekk godt fram korleis dette var frå eit barn sitt perspektiv. Eg syns dette er utruleg viktig, og vi treng slike stemmer. Vi lever i eit samfunn med sakn, sinne og einsemd, og det er bra nokon vil fortelje si historie usensurert. Einaste eg sakna var at publikum kanskje kunne fått moglegheita til å stille spørsmål på slutten. Denne framsyninga er ein fin måte å fortelje at det er lov å leve vidare, seier Hauge.

– Vekslar mellom alvor og humor

– Eg syns framsyninga var veldig bra. Det er nok ikkje alle som synest hennar måte å framstille dette på er passande. Men dette er kanskje hennar måte å bearbeide sorg på. Ho får sagt det på sin eigen måte, seier Hildegunn Støve.

Elin Karin Hopland seier det er bra at ho klarer å snakke om eit tema som mange vil seie er tabu. Ein skal ikkje spøke med sjølvmord, men ho klarer å veksle mellom alvor og humor på ein fin måte.

Else Kåss Furuseth hadde fleire grunnar til at ho valde å ta siste framsyning i Stryn.

– Det er jo blant anna fordi Stryn er ein av stadane eg har hatt lyst å reise til, sidan eg aldri har vore her før. Eg har nyleg vore i Ulsteinvik og Sogndal, og i dag er eg i Stryn. Dette er stadar eg lenge har hatt lyst til å besøkje, og difor er eg litt egoistisk. Eg brukar anledninga til å reise rundt og møte folk eg kjenner, så no møtte eg faktisk ein eg gjekk i klasse med på barneskulen. Han bur no i Stryn, og har vore og sett på framsyninga. Eg brukar det profesjonelle berre som ei unnskyldning for å kunne helse på folk. Samtidig som det er veldig fint her i Stryn, seier ho.

– Prøvar å behandle tema med respekt

Komikaren tykkjer det alltid er spennande med dei ulike menneska ho står framfor.

– Det er jo så mange som kjem, fordi dei tenkjer det er rein standup, og ikkje veit kva det handlar om. Det er nok nokon som kjem fordi dei har opplevd det same som meg, og eg prøvar å behandle tema med respekt. Eg håpar at dette får ein fin bieffekt som fører til meir openheit rundt psykisk helse. Ein bieffekt som gjer at ein kan snakke om vanskelege ting, fordi det er ikkje noko som blir verre ved å snakke om det. Sjølv om eg snakkar om eit veldig trist tema, håpar eg at publikum gjekk ut med ein god start på helga og ein god følelse om at det er lov å leve vidare, avsluttar Else Kåss Furuseth.