Lensmann Lasse Trosdahl ber butikktilsette vere vakne etter at det dei siste dagane er meldt om butikktjuveri midt å dagen.

- Tjuvar av aust-europeisk opprinning har vore inne i butikk midt på dagen og gått ut att med tjuvgods gøymd under kleda. I eitt tilfelle er tjuven teken på fersk gjerning. Difor finn vi all grunn til å be butikkeigarar og tilsette vere vakne for unormal oppførsel. Følg med på kva folk gjer i butikken og meld raskt frå til politiet dersom det vert oppdaga tjuveri, oppmodar lensmann Trosdahl.

Han seier det er viktig å notere ned registeringsnummer på bilar, gjerne supplert med merke på bil og foto.

- Vi har stadig folk som kjem til distriktet med det mål å stele. Ver mistenksame ved unormal oppførsel, seier Trosdahl.