For åttande gong set Lions i Stryn kursen for Litauen med gåver. I år får to lokale ungdomar vere med.
Svanhild Valvik (ungdomskontakt i Lions), Ragnhild Lunde (Lions Stryn), Runar Walaker og John Os (Stryn fotball) framfor ein del av utstyret som born og unge i Litauen skal få glede av. – Eg gler meg til turen, men eg er også spent på kva forhold eg vil sjå der borte. Det blir ei oppleving på godt og vondt, trur Runar Walaker (20).
Foto: Thomas Thaule