Tal frå Norsk Tipping viser at det er ein spelar frå Stryn som har hanka inn den største lottogevinsten i indre Nordfjord gjennonm tidene.

Stryn har totalt hatt ni vinnarar av toppgevinsten i Lotto, og den største gevinsten fekk ein spelar som vann vel 4.976.000 kroner. Siste gong ein toppgevinst gjekk til Stryn var i 2013.

Hornindal har hatt i alt fem vinnarar av toppgevinsten i Lotto, og største gevinst her var vel 4.677.000. Siste gong ein toppgevinst gjekk til Hornindal var i 2011.

Toppgevinstar til indre Nordfjord og nabokommunane:

Stryn

9 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.976.000

Hornindal

5 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.677.000

Eid

7 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.972.000

Gloppen

5 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 2.516.000

Volda

10 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.474.000

Ørsta

5 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 1.449.000

Stranda

6 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.315.000

Skjåk

2 toppgevinstvinnarar - høgste utbetaling 4.235.000