Fredag 31. juli blir det høgtidleg opning av Kamperhamrane som «Historisk vandrerute» på Sunndalssetra i Oppstryn. I friluftslivets år er dette ein av til saman åtte historiske vandreruter i Norge.

Blant dei førsteDNT og Riksantikvaren står som arrangørar, medan Indre Nordfjord Turlag og Statens naturoppsyn er to av aktørane som er involverte.

– DNT og Riksantikvaren plukka ut åtte gamle historiske ruter i landet, og blant dei to første var Kamperhamrane. Valet var og samanfallande med at nasjonalparksenteret lenge har meint at noko måtte gjerast med vegen. Så i år blir det offisiell opning, seier naturoppsyn Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn. Ho skryt av samarbeidet mellom statlege aktørar og turlaga.

Skal merke rutaI fjor var sherpaer, grunneigarar og andre frivillige med og gjorde ein stor innsats med å rydde og lage til trappene. Staten har teke kostnadane for opprustinga. No i sommar skal ruta merkast skikkeleg.

– Før den offisielle opninga skal vi merke stien med vardar og røde T-ar. Vi startar frå strynesida, medan andre startar frå Skjåk, seier leiar i Indre Nordfjord Turlag, Olav Auflem. Han fortel at INT har ansvaret frå setra og opp til Kamperhamrane. Det er ein stor jobb og mykje å ta omsyn til når ein er i nasjonalparken, men alt skal vere klart til opninga, fortel han.

Stor markeringSiste dag i juli kan dei som ønskjer starte dagen med å gå tur opp til Kamperhamrane. Om ettermiddagen blir det markering på Sunndalssetra. Her vil folk frå begge sider av fjellet møtast. Det blir talar, avduking av infotavle og kulturelle innslag med lokale aktørar. Det er og planar om ein ny DNT-hytte der.

– Vi håpar mange møter opp og blir med på markeringa. Dette er eit opplegg som burde appellere til dei fleste, seier Olav Auflem og Anne Rudsengen.