Etter at Hornindal kommune dei siste åra har innteke ei passiv rolle i forhold til mottak av flyktningar, er Utval for oppvekst og helse på offensiven. I siste møte stod spørsmål om mottak av flyktningar på dagsorden. Etter ein god debatt der utvalet signaliserte klar vilje til å ta både samfunnsansvar og ansvar for å hjelpe menneske i naud, vart det gjort vedtak om å leggje til rette for mottak av inntil ti flyktningar seinast i løpet av 2016. Ein føresetnad er at kommunen maktar å skaffe husvære samt leggje til rette for eit godt introduksjonsprogram.

Hornindal kommune har teke i mot flyktningar tidlegare, men ikkje dei siste åra. I staden er bustader som vart bygde med tanke på busetnad av flyktningar selde på den opne marknaden. Ikkje minst på grunn av flyktningekrisa i Syria og flyktningesituasjonen i verda generelt, er det viktig at alle gjer det dei kan for å hjelpe i ein vanskeleg situasjon. Så må det og vere eit sjølvsagt krav at det føl økonomiske løyvingar til dei kommunane som opnar dørene.

Hornindal kommunestyre skal handsame spørsmålet om flyktningar allereie 18. juni. Oppmodinga til kommunestyret er å ta ansvar og vise ansvar, slik Utval for oppvekst og helse allereie har teke til orde for.

I førre kommunestyremøte fekk Stryn kommune diplom frå Røde Kors for sin gode og mangeårige innsats i å ta i mot flyktningar. I fjor var Stryn ein av tre kommunar i fylket som tok i mot fleire flyktningar enn det Immigrasjonsdirektoratet bad om. Stryn har og god historikk i busetjing av flyktningar. Sidan 1987 er det busett om lag 600 personar i Stryn. Skulle nabokommunen Hornindal ha behov for gode råd, er dermed vegen kort til næraste nabo. Der er erfaringane både gode og ferske. Det kan vere fornuftig både å søkje råd og kanskje og inngå samarbeid. Mottak av flyktningar handlar om mykje meir enn å skaffe bolig. Det å gje gode tilbod innan helse, barnehage og skule er viktige oppgåver som høyrer med. Her kan det vere fornuftig med samarbeid over kommunegrenser.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør