Kommunedelplanen for Olden vart samrøystes tilrådd i Stryn formannskap i går og går til endeleg handsaming i kommunestyret komande torsdag. Plansjef Geirmund Dvergsdal orienterte om planarbeidet og la ikkje skjul på at det var ein vesentleg redusert plan som låg til grunn.

- Kort oppsummert er det lagt vekt på vidareutvikling av eksisterande kai til maksimal utnytting av denne. Seawalk og fastkai på Skarstein er ute av planane. Vidare er det lagt vekt på etablering av eit nytt terminal- og serviceområde på Oldenleirane til erstatning for dagens bruk på eksisterande kai. Herunder bygging av gangveg mellom eksisterande kai og nytt terminalområde og ny tenderkai på det nye terminalområdet.

Framtidig tilrettelegging av berekraftig drift av cruisetrafikken i Olden må følgjast opp av detaljplanar også når det gjeld Myklebusttomta. Ambisjonsnivået i Olden har vore stort, men prosessen har teke ned desse, sa Dvergsdal. Han la også til at massetak på Melheim og i Muristranda var tekne ut av planen.

Under handsaminga av saka vart det delt ut fleire dokument frå dialogen mellom Stryn kommune og Endre Muri vedkomande asfalttippen, gnr. 86, bruksnummer 20 som er eigd av Muri, men som kommunen ønskjer å få hand om. Dette vart ikkje vidare kommentert under handsaminga.

Anders Magne Vik (Frp) hadde gått gjennom planomtalen og notert seg for ei rekkje punkt der han kom med endringsframlegg. Ikkje alle var modne for endringar i formannskapet, men enkelte formuleringar fekk endra ordlyd.

Når det gjaldt område H302 (kaiområdet) vart det poengtert at dette ikkje skulle nyttast til privat parkering eller oppstilling av køyrety. Unnataket for dette er parkering for utrykkingskøyrety, handicaptransport og servicepersonell knytta til drifta av kaia.