Jon Fredrik "Joffen" Hopland og bandet Raw Fabrics har slept første singel frå ny EP.

- Singelen heiter Move Over og handlar om å ikkje gje opp i tider med motgang. Behalde fokus når du føler at livssituasjonen din og alt rundt deg berre er kaos, seier Jon Fredrik Hopland til Fjordingen.

18. august står Raw Fabrics øvst på plakaten i The  Roxy Theatre i LA. Dette er same dag som Plastic Joy kjem ut.

- Før den tid kjem vi ut med to låtar til med musikkvideoar, seier "Joffen".

Move Over får svært god omtale på bloggen Ladygunn, der du også kan spele han av.