Innan utgangen av juni 2016, om temmeleg nøyaktig eitt år, må kommunane ha fatta vedtak om kven dei vil slå seg saman med. Det betyr at dei nye kommunestyra må sluttføre den prosessen dagens kommunestyre har sett i gang.

I Nordfjord har det vore usemje både om prosess og kven kommunane ønskjer skal vere med i utgreiingane om ny kommunestruktur. Samtidig som kommunane i indre Nordfjord seier nei til å utgreie heile Nordfjord som ein kommune, tek stadig fleire til orde for at Sunnfjord kan ende opp som ein stor-kommune. Med ein tidlegare fylkesmann og fylkesrådmann tett på den pågåande prosessen i Sunnfjord, kan desse kommunane ende opp som ei stor og slagkraftig eining med oppimot 50.000 innbyggjarar.

Skjer det, bør det vere meir enn ein tankevekkjar både i Sogn og Nordfjord. Samanlikna med ein storkommune på 50.000 innbyggjarar i Sunnfjord, vil ein felles kommune mellom Stryn og Hornindal vere ein miniputt. I første omgang i storleik og innbyggjartal. I neste omgang truleg også i politisk gjennomslagskraft.

Nordfjordrådet har sagt dei vil invitere innbyggjarane i regionen til å uttale seg om den framtidige kommunestrukturen. Den undersøkinga bør kome så raskt som mogleg etter sommarferien og vere open slik at folk kan seie kva dei vil. Politikarane bør ikkje lukke alternativ før folket har sagt sitt. Kommunane i Nordfjord kan fort ende opp med å lande beslutningar for seint og i verste fall miste konkurransekraft og styrke samanlikna med Sunnfjord. Ansvaret for å lande gode prosessar og framtidsretta beslutningar ligg tungt på alle parti i alle kommunar det neste året.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør