Det vart siger til damelaget og tap for herrelaget då Bjørnar vitja Strynehallen søndag ettermiddag. Resultata kan vel seiast å vere i tråd med forventningane ut frå tabellsituasjonen.

Yppa seg mot serieleiaren

Men herrelaget til Stryn imponerte lenge i kampen mot serieleiaren frå Hordaland. Ved pause var stillinga 12-12, og nesten halvvegs ut i andre omgang var det jamt mellom dei to laga. Men nokre kjappe kontringsmål frå gjestane og ein sårbar spelarstall hos heimelaget vart til slutt seks mål i favør serieleiaren som vann 29-23.

Solid førsteomgang av damene

Strynedamene spelte ein svært god første omgang i sin kamp mot Bjørnar. Dei låg før oppgjeret fem plassar føre på tabellen og var i motsetnad til herrane favorittar til å vinne. Etter godt tempo og flotte avslutningar var pauseresultatet 16-8 til Stryn.

Men etter kvilen var ikkje skilnaden på laga så stor. Det virka som heimelaget slapp seg ned på Bjørnar sitt tempo, og faktisk vann gjestane omgangen med eitt mål. Sluttresultatet vart 30-23.