NVE varslar om framleis betydeleg snøskredfare på Vestlandet.

- Vesle julaftan og julaftan er det venta faregrad 3 – betydeleg på Vestlandet. Faregrad 3 - betydelig betyr krevjande skredforhold. Ein skiløpar kan lett løyse ut skred, og enkelte stader kan skred også gå av seg sjølv. Det krevst mykje skredkunnskap for å bevege seg trygt i bratt terreng slik forholda er no, seier vaktleiar i NVEs snøskredvarsling, Solveig Kosberg.