Anders Fannemel er på plass i tyske Hinterzarten og klar for nye konkurransar i Sommar Grand Prix. I kveld er det laghopping medan den individuelle konkurransen finn stad laurdag kveld.

- Eg håpar å vere med og kjempe i toppen. Men det viktigaste er å fortsette prosessen, å få til konkurransehopp som er rundt der eg er på trening, seier Fannemel.

Han hadde ei bra opning av sommarens hopp-cup då han vart nummer ni i polske Wisla førre helg. I lagkonkuransen tok Norge tredjeplass.