Sogn og Fjordane ser ut til å ta på alvor at Norge er langt frå å ha nok økologiskfrukt og bær til å stette den aukande etterspurnaden.

Første veka i juni var viktige aktørar fråfrukt- og bærmiljøet i Sogn og Fjordane samla med mål om å finnekonkrete tiltak for å auke produksjonen av økologisk frukt og bær ifylket.

Aukande etterspurnadEtterspurnaden etter økologiskemat, og særleg økologisk frukt og bær, har auka mykje dei sisteåra. Berre frå 2013 til 2014 auka omsetniga av varegruppa frukt,bær og nøtter med 69 %. Mesteparten av varene er import. GrossistenBama har no sett klare mål på kva dei ynskjer av norsk økologiskfrukt og bær.Sogn ogFjordane har dei siste åra lukkast med å verte det største bringebærfylket ilandet, og samarbeidet mellom ulike aktørar er godt. No fortel næringa om optimisme for å få til ei auke i økologisk fruktproduksjon og einoppstart av økologisk bærproduksjon i Sogn og Fjordane.

Fruktlagera sentrale

Fruktlagera i Sognog i Innvik er sentrale for å lukkast med satsinga på økologisk.Dei har direkte kontakt med omsetningsleddet, med dyrkaren og medrettleiingstenesta. Samarbeidet mellom Norsk landbruksrådgjeving (NLR) og fruktlagera må veretett for at nye aktuelle dyrkarar vert fanga opp.

Innvik Fruktlager vert ei viktig brikke i det aukande økologiske fokuset i fylket. Foto: Gunnhild Sindre

- Ein kan prøve åsetje seg inn i kva ein ny og potensiell dyrkar treng, og ut frådet finne dei gode tiltaka, meiner Stein Harald Hjeltnes, leiar vedNjøs næringsutvikling. Den potensielle økodyrkaren må vite kva hanoppnår, kva rådgjerer og rettleiing som finst og han treng eitnettverk rundt seg. Alt dette kan formidlast gjennom fruktlagera isamarbeid med NLR.

Den nye økodyrkaren er ung- Den nye økodyrkareni Sogn og Fjordane er ein fersk fruktdyrkar, han let seg inspirereav etterspurnaden i marknaden, dei nye tettplantingssystema ogøkonomisk støtte til investeringar frå Innovasjon Norge, meinerMarianne Bøthun i Norsk landsbruksrådgjeving Sogn og Fjordane. Deter gjerne ved generasjonsskifte at garden vert lagt om tiløkologisk drift.

Innvik Fruktlager vert ei viktig brikke i det aukande økologiske fokuset i fylket. Foto: Gunnhild Sindre