– Målet med WALL-IT er å tilby noko som er nytt og annleis og forsøke å tilfredsstille kundar som likar å gjere noko utradisjonelt, seier Ingvar. Han er på stadig utkik etter fleire naturmateriale som kan komplettere sortimentet.

– Eg satsar 100 prosent på veggdekor av naturmateriale, seier Hagen, og viser fram prøvar på dei ulike materialane han har skaffa seg agentur på i Skandinavia. Kokosen er frå Indonesia, sukkerrøra frå Holland, korken frå Portugal og mosen kjem frå Hedmark. Den er spesialbehandla og farga, men alt på ein måte som er dokumentert miljøvenleg.

Oppdaga på ferie

For halvtanna år sidan var Ingvar og kona Bente på besøk hos hennar foreldre i Kuala Lumpur. På ein tur innom ein møbelbutikk i ei av dei meir eksklusive handlegatene i byen, oppdaga paret ein heilt spesiell veggdekor dei aldri hadde sett før. Veggane var kledd med fliser frå kokos-tre.

– Eg klarte å nøste i kven som var fabrikant og fekk møte distributøren. Han sette meg i kontakt med fabrikken i Indonesia, fortel Hagen vidare. Han bestilte seks fliser og såg føre seg at desse ville matche trappa heime. Men sivilingeniøren frå Stryn såg eit potensiale i det spesielle materialet, utover å dekorere eigen trappeoppgang. Eit halvt år seinare var han på besøk i fabrikken i Indonesia, og med seg hadde han svigerfaren.

– Han tok hand om logistikken og kulturbiten. Vi bestilte ein 20 fots container, og det var utruleg spennande då den kom heim på tunet og eg klipte av blomberinga.

Gir til Regnskogfondet

Dei første kvadratmetrane med kokos fekk eigar etter kort tid. Eit ti minuttar langt innsalgsmøte var det som skulle til for at den trendy restauranten Amerigo på Solli plass kjøpte dei første 15 kvm frå WALL-IT. Businessen var i gang og Ingvar skjønte at han hadde noko spennande å tilby. Men fortenesta på det første salget var heller så som så.

– Der betalte eg nok meir for montering enn kva dei betalte for kokosen. Men det var god læring, seier han, og legg til med eit smil:

– Eg var nøgd berre eg fekk eit salg.Før han valde å satse på kokos-dekoren gjorde han ein avsjekk hos Regnskogfondet.

– Først tenkte eg at dette ikkje var bra i høve regnskogane. Men Regnskogfondet kunne fortelje at dette ikkje stod på listene over truga treartar og såleis var ikkje dette noko problem. Eg gir også 1 krone av det eg sel av kokos til Regnskogfondet, medan 1 krone av monteringsarbeidet går til Kreftforeninga.

Lærdom frå Stryn

Strategien så langt har vore å rette seg inn mot kafear og restauranter, men det som har skjedd er at fleire og fleire privatpersonar tek kontakt. Ein nettbutikk er difor under utvikling og i løpet av få veker skal den vere oppe og gå. Målet er vidare å finne eit verkstadlokale i Oslo, men noko masseproduksjon vil det ikkje bli.

– Eg vil ikkje industrialisere, men vere meir prosjektbasert og kunne setje prikken over i-en på det eg gjere, seier han. Og sjølv om tenkjemåten er noko annleis enn det han har vore van med frå tradisjonell fabrikkproduksjon, er han takksam for mykje av den ballasten han har med seg frå familebedrifta.

– Eg lærte mykje om trapp og innovasjon ved å jobbe med mange dyktige og motiverte medarbeidarar i Hagen, seier Ingvar. Han trekkjer særleg fram snikkarane. Ei yrkesgruppe han yter stor respekt.

– Det er viktig for meg å fremje stoltheita til møbelsnikkaren. Dette er ei yrkesgruppe som etter mitt syn er undervurdert. Snikkaren må ha masse komplementære ferdigheiter. Ikkje berre i nevane men også kunne tenkje kostnad og kalkulasjon, seier Ingvar engasjert.I løpet av sine 8,5 år i Hagen AS var han engasjert i mange og ulike oppgåver. Frå drift av fabrikk, logistikk og leverandørutvikling i lågkostland, til IKT, automatisering, LEAN og produktutvikling.

– Det tverrfaglege og lærdom frå alle dei kjekke kollegaene er noko eg tek med meg inn i WALL-IT.

– Tørre å tenkje stort

Ingvar er også takksam for at kona er involvert i satsinga.

– Då vi innsåg kor krevjande ein start-up er, gjekk både Bente og eg «all in». Dette for å få kabalen til å gå opp, samt at vi utfyller kvarandre godt i høve det WALL-IT krev. Opningstida for showroom-et på Torshov er også nøye uttenkt. Med kundar frå både næringsliv og privatmarknad må dei tenkje lurt.

– Vi held ope mellom klokka 13 og 19. Då når ein kundane etter arbeidstid, samstundes som vi kan ha møter i butikken på dagtid før vi opnar. Interiørgründeren er oppteken av å byggje stein for stein, men også at ein skal ha ambisjonar med det ein driv med. I skrivande stund er han inne i ein anbodsprosess for Deichmanske bibliotek og Munchmuseet.

– Ein må tørre å tenkje stort. Det lærte eg av pappa, Trygve, seier Ingvar.På veggen vert også bedrifta sine kjerneverdiar signalisert gjennom bokstavane TRY.

– Dei står for tydeleg, raus og ydmyk. Forbokstavene blir også første del av farsnamnet, og er dessutan engelsk for «prøve». Skal det bli innovasjon må ein tørre å feile. Ein frå heimtraktene påpeika at om vi legg til ein S og ein N, så får vi Stryn også, smiler han.

Fellesskap: WALL-IT deler show-room på Torshov med møbelbedriftene Måndalen og Nordlamell. Her er Ingvar i ein hyggeleg passiar med dagleg leiar i Måndalen, Sigbjørn Sørli.
Førebels har Ingvar fire typar veggdekor av naturprodukt i sortimentet. På bildet ser vi tre variantar. Nærast spesialbehandla mose, og i bakgrunnen kokosflis og veggdekor laga av sukkerrør.
Nyopna: Lokala på Torshov opna for kort tid sidan, og Ingvar er svært nøgd med mottakinga så langt.