Hva feiler det deg? gjekk på TV på seinvinteren i år. Dette var noko heilt nytt der helse og underhaldning var kopla saman på ein finurleg måte. Eit legelag og eit folkelag konkurrerer om å stille diagnosen på ulike pasientar. Eksperimentet er om vanlege folk ved hjelp av Google kan leite seg fram til den rette diagnosen like godt, eller kanskje betre, enn legar. Programmet hadde jamt over ein halv million sjåarar, noko som tilsvara nesten 50 prosent av den totale sjåarmassen i den sendetida programmet gjekk. Vanleg marknadsdel for eit NRK-program er 25-35 prosent.

Arbeidsplassen: Ein overlessa liten pult, ein medisinball som stol.

Bak idéen og utviklinga av programmet finn vi Arild Opheim. 39-åringen frå Hool i Stryn som bestemte seg for å bli journalist då han såg Hans Wilhelm Steinfeldt intervjue Gorbatsjov etter Berlinmurens fall i 1989. Som starta karrieren i NRK Sogn og Fjordane, men raskt tok seg vidare til grom-jobben som programleiar for Norgesglasset på NRK P1. Deretter vart det ei rekkje profilerte oppdrag i TV-ruta som programleiar og reporter. Mellom anna for Kvelden før kvelden, 17. mai-sendinga og TV-aksjonen. Men dei siste åra har han altså halde seg bak kamera og drive programutvikling.

– Hva feiler det deg? er eit program forkledd som underhaldning men er eigentleg eit beinhardt helseprogram. Målet er å nå dei som treng det, ikkje fagpersonar, og då må vi rappe triks frå underhaldningsavdelinga, fortel Opheim.

Fjordingen møter han i redaksjonen på Youngstorget i Oslo. Dei er i innspurten før opptak til sesong to. Den skal sendast litt ut på nyåret. I dag står mellom anna eit rekvisittmøte på planen, og her vert det diskutert fram og tilbake om små og store utfordringar. Kva forstørrelsesglas skal deltakarne nytte? Er aortaen på plass i frysen? Ja, slike ting.

Først tenkt som talk-show

Idéen til programmet fekk han saman med kollegaene Astrid Engen og Thor Henry Bjor.

– Astrid hadde opphavleg ein idé om eit talk-show der ein skulle stille diagnose på ein pasient. Men denne idéen vart slakta av leiinga. Men så kom vi fram til forslaget om å legge det opp med to lag, få inn konkurranseelementet, forklarar Opheim. Og då det vidareutvikla konseptet vart presentert på nytt var det tommelen opp og «go» frå leiinga.

– Arild er kreativ og analytisk og tenkjer ting på nye måtar, skryt kollega Astrid Engen.At dei gjer sjukdom til underhaldning har ikkje Opheim noko problem med, men seier dei er obs på problemstillinga.

– Vi er over streken visst ein ser at pasientane er ukomfortable. Ein må ikkje slå vitsar på bekostning av pasienten. Ein må finne balansen, seier han.

«Bør de gifte seg»?

Opheim har også utvikla tv-program tidlegare. På liknande vis var han med og utvikla Bør de gifte seg? (2014). Her gjekk ein analytisk til verks for å finne ut om ulike par hadde eit forhold som var liv laga. I tillegg til dette har 39-åringen med radiojournalistutdanning frå Volda vore sterkt medverkande i utvikling av ei rekkje andre TV- og radioprogram. Vi spør om det er bevisst at han har trekt seg litt unna skjermen, og no jobbar meir med regi og utvikling.

– Litt tilfeldig men eg har vel vore synleg reporter eller programleiar fram til serien Bør de gifte seg? I det programmet var det ingen programleiar. Det var starten på regi. Eg var også i Puls utan at eg var så synleg på skjermen. Eg har fått sansen for å lage den typen TV der ein får fram deltakarane, ikkje programleiarane.

1.043 Norgesglass

Opheim ser ikkje på seg sjølv som ein typisk kreativ person. Då vil han i alle fall kalle seg «metodisk kreativ».

– Eg har sansen for det alternative og er allergisk mot å gjere ting om igjen. Då eg jobba i Norgesglasset hadde eg til dømes angst for å bruke eit poeng to gongar –nesten så eg hadde tvangstankar i forhold til det. Ein fast post var å introdusere vêrmeldinga, og eg laga meg liste på 100 ulike måtar eg kunne gjere det på visst eg ikkje kom på noko betre der og då, smiler han. Totalt vart det 1.043 sendingar og like mange variantar han gav ordet over til statsmeteorologen på.

Bakmann: Frå å vere ein profilert programleiar i radio og TV har Arild siste åra bevega seg meir bak kameraet, og jobbar no med regi og programutvikling. – Eg kan sakne den daglege produksjonen, seier han.

Forfattar

Opheim sitt motto er «høgt tempo, låg puls». I tillegg til all radio- og TV-jobbinga har han også forfatta, eller medforfatta, tre bøker. To i den meir tøysete sjangeren ( Hvor var du da Oddvar Brå fikk sitt første kyss? og Ti på topp sære severdigheter), medan den siste boka, Ubudne gjester (2013), var ei bok basert på ei dramatisk hending frå eige liv. I 2011 opplevde han og sambuaren å bli bakbundne i eiga leilegheit etter at to personar, som viste seg å vere asylsøkjarar, braut seg inn. I boka nøster dei i kvifor det som skjedde skjedde, og set fokus på asylpolitikken i Norge.

– Eg klarte ganske kjapt etterpå å tenkje logisk at dette var tilfelle av uflaks. Faren for å oppleve liknande er minimal. Men eg merkar også at frykt sit i kroppen og ikkje noko ein berre kan tenkje seg ut av. Eg er meir instinktivt redd, meir skvetten generelt, seier han. Ei erkjenning elles er at beinhard kriminalitet frå verklegheita ikkje sel betre enn tull og tøys.

Folkeleg tilnærming

– Er du der du vil vere, spør vi.

– Måla har endra seg undervegs og gradvis over til meir på innhald. Prøve å finne originale innpakningar som gjere det interessant. Det eg kan sakne no er den daglege produksjonen. No filar ein på små ting, som kva tapet ein skal bruke i studio. I Norgesglasset hadde ein daglege sendingar og var veldig opplyst på kva som skjer. Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan hamne i radioen igjen, og gjerne om ikkje så alt for lenge, seier Opheim. Å følgje i Steinfeldt sine fotspor har han i alle fall lagt vekk.

– Folkeleg tilnærming er nok meir min stil.

<strong>Pris:</strong> I haust fekk Hva feiler det deg? Eurovision Creative Forum si utmerking « 3rd best format»