Med fem nye utstillingar og eit ferdig restaurert tun er Bakketunet på Bjørke klare for sesongopning søndag.

Det unike middelaldertunet på Bjørke i Hjørundfjorden er etter 30 år med restaureringsarbeid ferdig.

Sesongen i år blir kortare, men med alle bygningane i bruk. I stabburet frå 1547 viser den franske glasblåsaren Adrien Herve glasarbeid, og i kammerset kan ein sjå tekstile arbeid av Børdi by Mona Frøyshov. I den nyresturerte sauefjøset vil Pergarden i Dalsfjorden ha salsutstilling av saueskinnsprodukt, og i den vesle stallen stiller Marianne Lund ut keramikk.

Hovudutstillinga er det Marita Bett Aakre sjølv som står for.

– Sidan oppstarten av Bakketunet har det blitt lita tid til å halde på med eige skapande arbeid fordi tunet har vore så ressurskrevjande. Ei rekke livshendingar frå året som gjekk gjorde at eg bestemte meg for å gjere om drifta slik at eg fekk meir tid til andre ting. Det har båre frukter og ein serie oljemaleri har blitt til. I serien har eg våga å vise nokre av dei kjenslene eg ber med meg, og korleis både arven og samtida påverkar meg, seier Aakre.