Nyhende →
To utskrivne frå sjukehus
To av dei tre som vart skadde under bilulukka mellom Scania og Ytreeide, aust for Stryn sentrum søndag kveld, er no skrivne ut frå sjukehus. Den tredje personen kan reise heim om kort tid. Det opplyser politiførstebetjent Rolf Knutsen. Dei tre pådrog seg lettare skader i form av kuttskader. Det er ennå for tidleg å konkludere om årsaka til ulukka. Også bilen skal gjennom teknisk undersøking, opplyser politiet.