Etter medieomtale om ein badeplass fylt med boss, knuste ølflasker og eingongsgrillar var det nok. Elevar ved Stryn ungdomsskule tok før helga ansvar for badeplassen og rydda opp. Klasse 8 CD ville setje fokus på orden og ansvar i eige nærmiljø. Og etter ein debatt der heile klassen fekk ytre sine synspunkt, tok klasseforstandar Henning Dispen med seg elevane ut til Staveneset.

Vi fann ut at vi skulle ta turen ut dit der dei skal vere i sommar, fortel Henning Dispen.

Elevane begynte oppryddinga av badeplassen klokka ni, og først to timar og meir enn fem sekker med boss seinare var dei i nærleiken av mål.

Runar Walaker, tillitsvald i klassen var ikkje nådig:

Heilt forferdeleg. Frustrerande å rydde opp. Dei gjennomsiktige glasbitane er verst. Kanskje burde dei berre slutte å produsere glasflasker. Det såg ikkje ut. Kanskje bør kommunen stenge badeplassen dersom ikkje det blir betre, seier han.

Les meir i papirutgåva

Astrid Tenden og Runar Walaker synest det er på tide at ungdom som forsøplar også ryddar opp etter seg. Samtidig håper dei at kommunen bidreg med toalett og fleire bossbøtter.