For å få til eit skiskytter-VM er arrangøren avhengig av eit stort korps av frivillige. Og blant dei mange hundre som legg ned mangfaldige timar av eiga fritid, finn vi også stryningen Kristen Magne Kleppe.

- Eg jobbar blant dei som har ansvar for media, på stadion og Holmenkollen Hotel. Der legg eg til rette og bistår media slik at dei har gode arbeidstilhøve for sin jobb, forklarar Kleppe som opphaveleg er frå Kirkeeide.

Og det er ikkje første gang han stiller opp i ein meisterskap.

- Eg har jobba ein del i Holmenkollen tidlegare gjennom jobben i Oslo Kommune. Blant anna med kunstsnøkøyring og arbeid med løypenettet til VM i 2011, fortel han.

Kleppe har tidlegare jobba i Oslo kommune, på Bogstad Gård og i Holmenkollen på vinteren, men no er han i bygningsbransjen innan drift og vedlikehald.