Hornindal kommune har fått laga eit kart for å vise dei store utfordringane næringslivet, dei fastbuande og kommunen har med den dårlege vegen på fv 60 mellom Tomasgard og Møre grense.

- Som ordførar har eg fått tilbakemelding om at vi ikkje har vore flinke nok til å vise kor dårleg fv 60 verkeleg er. Det er ikkje enkelte ulukkespunkt, men heile vegstrekninga som byr på problem for trafikantane. Når vi då veit at vi berre har bilde av eit fåtall av uhella som har hendt, er det ikkje vanskeleg å forstå at standarden på denne vegstrekninga medfører store samfunnsmessige utgifter, i tillegg til risikoen bilistane vert utsette for på denne strekninga, seier hornindalsordførar Stig Olav Lødemel.

Stig Olav Lødemel. Foto: Bengt Flaten

Lødemel tok difor initiativet til å få utarbeidd ei nettside med eit interaktivt kart som viser vegstrekninga med bilete og datoar for ei rekkje uhell og ulukker. Kartet kan du sjå her.