Laurdag 30. og søndag 31. januar skal det igjen førast manntal over hagefuglane våre.
Alle kan vere med på den årlege hagefuglteljinga, som skjer samtidig i Noreg, Danmark, Sverige og Finland. For Norsk Ornitologisk Forening og samarbeidspartnarane Miljolare.no, Agder Naturmuseum og Høgskolen i Hedmark er det heilt greitt om teljinga skjer veka før eller etter helga, slik at det blir lettare for skular og barnehagar å vere med.
Teljinga går ut på å observere fuglane du kan finne i hagen din og melde resultata inn på nettsida Fuglevennen.no I fjor fekk Fuglevennen inn vel 334.000 observasjonar av til saman 172 artar i 6.390 hagar over heile landet. Kjøttmeis var den arten det var mest av og vart observert i 95 prosent av hagane. På dei neste plassane kom blåmeis, skjor, svarttrost og spettmeis.Mange registrerte dessutan elg, hjort, hare, mus, røyskatt, vånd og grevling blant hagegjestene i fjor.
(©NPK)