Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL og Magnar Lødemel frå Hornindal IL går i ettermiddag Youngstar i Holmenkollen. Dette er ei prestisjetung tevling for skiskyttarar i alderen 15-16 år.

Dei to unge skisyttarane vart tidlegare i vinter uttekne til å representere Vestlandet ut frå plasseringar i utvalde renn. Til saman 30 gutar og 30 jenter frå alle deler av landet møtes til dyst på VM-arenaen, dagen før meisterskapen tek til.

Kirkeeide og Lødemel har mykje å forsvare, sidan Aksel Mathias Meland frå Markane IL klarte bragden å gå heilt til topps i fjor. Løpet går som fellesstart.