Laurdag 9. april klokka 12.00 - 12.30 blir det eit fargerikt og flott innslag i Stryn sentrum. Då skal den store gruppe av turnarar i Stryn T&IL  gå i parade gjennom Tonningsgata i samband med avslutningsshowet i Strynehallen.

Politiet har ingen innvendingar mot ruta som paraden skal følge, men oppmodar arrangøren om å ta med mogeleg omsyn til ordinær trafikk.