Stryn kommune vil ikkje gje Breimsbygda skisenter eit årleg tilskot på 50.000 kroner til løypepreparering på Utvikfjellet. Det vedtok Stryn formannskap med knappast mogeleg fleirtal.

Mindretalet stilte seg bak forslag frå Astrid Drageset Raftevold (Sp) om å innvilge 50.000 kroner i 2016 - med atterhald om at Gloppen kommune går inn med tilsvarande beløp som Stryn. I framlegget som fall mot røystene til Astrid Drageset Raftevold, Per Kjøllesdal (Sp) og Pål Vonheim (Ap), låg det inne eit punkt om at årleg tilskot til Breimsbygda skisenter skal vurderast på linje med Turløyper Stryn og Stryn Vinterski.

- Eg har vore inne og sett på kva Stryn kommune yter i tilskot til drift av skisenter. For Breimsbygda skisenter er det null. Stryn Vinterski fekk 200.000 kroner i 2014 og 300.000 kroner i 2015. Turløyper Stryn får årleg tilskot på 150.000 kroner, opplyste Astrid Drageset Raftevold. Som la til:- Breimsbygda skisenter vert nytta av folk frå eit stort geografisk område i Stryn kommune.