Vegard Guddal, som går i 1. klasse, var yngste deltakar i "Ta sjansen" på sykkelstien ut i vatnet på Hjelle i går kveld. Arrangøren Oppstryn Ungdomslag hadde gjort ein kjempejobb, og heile 360 frammøtte visste å setje pris på tiltaket "Ta sjansen" som vart arrangert for 5. gong.

- Vi er utruleg nøgd, og veret vart bra. Det var nokre færre båtar med enn i fjor og like mange syklar, sa leiar i laget Terje Guddal. Heile styret og fleire til stod på for fullt under arrangementet.

John Eirik Greidung var mannen bak den nye rampa som båtane sklir ned etter før deltakarane hamnar i vatnet. Mykje tid er nytta til trearbeid og sveising, men rampa vil det bli god bruk for.

Bygdekvinnelaget sytte elles for grillmat, og det var god stemning i fineveret på Lund.