4H Sogn og Fjordane har fått 110 000 kroner frå Miljødirektoratet til Barnas Matfestival, fortel Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Berekraftig, kortreist og økologisk er stikkorda for årets Barnas Matfestival. I forkant av festivalen vil elevar ved vg1 restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule møte elevar ved vg3-klassen på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland til økologisk workshop. Der skal dei planlegge festivalen og førebu eit matkurs for 4H-arar frå ti til tolv år. Saman med 4H-arane skal elevane bemanne Barnas Matfestival og selje berekraftige smårettar og sunt snop.

4H Sogn og Fjordane har, saman med Sogndal vgs, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Sogn og Fjordane fylkeskommune, nyleg fått tilsegn om 110.000 kroner frå Den naturlege skulesekken til økologisk workshop og til gjennomføringa av Barnas Matfestival. Erfaringane vil bli formidla til andre skular og matfestivalar.

Hanna deGroot i 4H Sogn og Fjordane er glad for samarbeidet med dei to skulane og fylkeskommunen.

– Det er kjempeviktig at dei som skal lage og selje mat engasjerer seg i å få berekraftige råvarer på handlelistene. Det vert praktisk og det vert moro. Dette er læring verken elevane eller borna på festivalen gløymer så fort! seier ho.

Barnas Matfestival er ein del av festivalen Matamål.