Frå nyttår av var det slutt på morgonbadinga i Stryn symjehall.

– Grunnen til det er lite frammøte. Vi prøvde å oppretthalde tilbodet, men kan ikkje lenger forsvare det når det er så lite folk. Oppslutninga var bra i starten, men etterspørselen har endra seg. Vi får håpe at folk finn andre tider dei kan symje på, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen som og har ansvaret for symjehallen.

- Det blir ingen morgonbading det komande halvåret. Ein får heller vurdere om det blir teke opp att til sommaren, seier ho.