Samarbeid mellom elektrofag på Eid vgs. og helsefag ved Stryn vgs. har skapt eit unikt tilbod for opplæring og bruk av velferdsteknologi. Opplæringsleilegheita innan omsorgsteknologi som er etablert på Stryn vgs.,  er den første i Norge på fagarbeidarnivå og den første av sitt slag her i Sogn og Fjordane.

- I undervisingssamanheng koplar vi teknologi  og "varme hender".  Leilegheita vil også bli nytta til å syne korleis velferdsteknologi kan gje bebuarar og pårørande ein betre og tryggare livssituasjon. Privatpersonar, lag, organisasjonar og alle andre interesserte er velkomne til omvising, seier Johanne Elisabett Sørdal, utviklingsleiar ved Stryn vgs. og medlem av prosjektgruppa.

Les meir om det eineståande samarbeidet i papiravisa tysdag.