Onsdag og torsdag skal kommunestyra i Ørsta og Volda samlast i Loen for å diskutere kommunereforma. "Ørsta og Volda og regionen. Mulegheiter - eit framtidsbilde", vert det store temaet. I denne sekvensen onsdag vert det også lagt inn helsingar frå ordførarane i Hornindal og Stryn, Stig Olav Lødemel og Sven Flo.

Næringsliv, kommunikasjonar og kommunereformarbeidet på Sunnmøre vil bli sett i fokus med gjennomføring av gruppearbeid. Også fylkesmannen i Møre og Romsdal skal vere på plass med helsing under middagen onsdag kveld.