Else Marit Paulen, klinikksjef for Stryn tannklinikk som omfattar Stryn og Hornindal, er kritisk til framlegget som først vart kjend gjennom NRK torsdag morgon.

Verken Hornindal eller Innvik er sjølvstendige klinikkar, men ambuleringsklinikkar under Stryn tannklinikk. Personell frå Stryn reiser ut til dei to kontora to dagar i veka for å gje lovpålagde tilbod til skuleelevar opp til 18 år, psykisk utviklingshemma, bebuarar på omsorgssenter og pasientar under heimesjukepleien.– Kontora både i Hornindal og Innvik er lokaliserte ved omsorgssentra. Det betyr at dei ligg nær skulen i dei to bygdene og under same tak som mange av dei eldre brukarane bur, seier Paulen.

Ho er klar på at nedlegging av dei to ambuleringsklinikkane i Hornindal og Innvik vil gje eit dårleg samfunnsøkonomisk reknestykke.

– Dersom alle brukarane må reise til Stryn for tannbehandling, må foreldre ta seg fri frå jobb for å køyre borna sine. Eller dei må ta drosje på fylkeskommunen si rekning. Fråver både frå skule og jobb vert betydeleg lenger ved ei slik løysing. For dei eldre snakkar vi også om følgjeteneste og i nokre tilfelle bruk av ambulanse for å frakte pasienten til Stryn. Det er ikkje utan grunn at kontora er lokaliserte der dei er, seier Paulen.

Kritisk ordførar

– Dette forslaget verkar dårleg gjennomtenkt med tanke på samfunnsøkonomi, seier Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal.

Han har store problem med å sjå at det er lønsamt å flytte alle pasientar frå Hornindal til Stryn i staden for at tannhelsepersonell reiser til Hornindal.– Dette handlar i tillegg til eit forventa velferdstilbod om transport, tidsbruk og samfunnsøkonomi, seier Lødemel.