Natt til 11. oktober i fjor vart ein stryning slått ned utanfor Stryn Hotel, etter at Scala Dancing hadde stengd. Ein eidar som var mistenkt for å ha slått ned mannen, møtte i Fjordane tingrett nyleg, tiltalt for vald. Eidaren sa seg ikkje skuldig.

Fem vitne forklarte seg i saka, men ingen av dei hadde sett kven som slo. Politiet som var til stades fekk tiltalte utpeikt som gjerningsmann, men han nekta. Politiet såg også på hendene til tiltalte, men kunne ikkje sjå synlege teikn etter slag.

Dermed fann ikkje retten tilstrekkeleg bevis for at det var tiltalte som slo, og frifann mannen.