Styret i Nordfjord Havn IKS lanserer Skarstein som nytt alternativ for bygging av cruisekai nummer to i Olden.

- Dersom Stryn kommune ønskjer det, vil Nordfjord Havn IKS setje i gang arbeidet med å undersøkje botnforholda på Skarstein, seier rådsleiar Nils Myklebust til Fjordingen.

Etter at Stryn kommune avviste forslaget om å etablere ny kai på Tyvaneset, har det interkommunale hamneselskapet sett på ulike alternativ i Olden. Det gjeld m.a. området nedanfor Olden Fjordhotell. Her vil det etter det Fjordingen kjenner til, by på vanskar med å få fylt opp tilstrekkeleg parkeringsareal for bussar. Difor kasta styret i Nordfjord Havn blikket over fjorden frå eksisterande cruiseskipsterminal.

- Plassering av ei eventuelt ny kai må inn i kommunedelplanen for Olden sentrum, understrekar Jon Olav Kvamme, Stryn kommune sin styremedlem i Nordfjord Havn IKS.

- Ser du på Skarstein som reelt alternativ for å få dobla kaikapasiteten?

Ja, det kan vere aktuelt. Etter det eg veit, har grunneigarane gjeve signal på at dei kan tenkje å selje deler av strandlina. Det er også mogeleg å få overskotsmasse frå veganlegget Olden - Innvik til fylling i fjorden dersom botnforholda tillet det, opplyser Jon Olav Kvamme.

Rådsleiar Nils Myklebust er klar på at cruisedestinasjonen Olden må få auka kapasiteten.

Ny kai har stått på agendaen lenge, men det syner seg vanskeleg å få realisert dei ulike prosjekta på grunn av botnforholda. - Dette lyt vi ta hensyn til. Dersom forholda på Skarstein er så gode som vi trur og håpar, og vi får tilgang på masse frå veganlegget, kan dette bli eit godt alternativ. Men som sagt, vi må ha Stryn kommune sitt klarsignal for å setje i gang arbeidet med grunnundersøkjingar, presiserer Nils Myklebust.