Motorfestival Stryn samlar fleire tusen motor- og bilentusiastar frå nær og fjern. For at alle skal ha ei kjekk og festleg helg, er det nøvdendig å ha fokus på trafikkreglar og sikkerheit.

– Vi synest det er kjekt og positivt at det skjer ting i Stryn. Vår jobb er, i nært samarbeid med arrangøren, å sørge for at det heile blir gjennomført på ein trygg og god måte, seier innsatsleiar frå politiet i Stryn, Jan Tore Sunde.

Inn- og utfartsvegar

Politiet i Stryn stiller med forsterka mannskap, og Statens vegvesen vil også vere til stades. Dei vil vere ute med kontrollar langs innfartsvegane.

– UP vil også vere ute heile helga, seier Eirik Krossen frå UP-patruljen i Nordfjord.

Det vil difor vere eit stort mannskap ute, både på inn- og utfartsvegar og i sentrum, med fokus på promille, fart og trafikkreglar generelt.

Klare for festival: Innsatsleiar og politibetjent Jan Tore Sunde og politibetjentane Eirik Senneset (UP), Malin Værøy Sørensen, Maria Kleiv Jensen og Eirik Krossen (UP). Politiet vil stille med forsterkingar under festivalen. Foto: Gunnhild Sindre

Ingen lemping på lover og reglar

Det er ingen lemping på lover og reglar under Motorfestival Stryn.

– Sikkerheita vil alltid vere i fokus, og vi ønskjer også ro og orden. Det vil ikkje bli sett mellom fingrane på til dømes bruk av sikkerheitsbelte eller tal personar i bilar eller førarhus, understrekar Jan Tore Sunde.

Han minner også om at det er sjåføren som er ansvarleg, både for at bilen er i teknisk god nok stand, og til dømes om oppstemde passasjerar heng ut vindauget og veivar med armane.

I ytterste konsekvens kan slikt medføre både førarkortbeslag og anmeldelse av sjåføren.

– Tipset er deifor å køyre til side og gje beskjed til passasjeren eller passasjerane om at dette ikkje er akseptabelt, og den eller dei som oppfører seg slik, ikkje får sitje på lenger, seier Jan Tore Sunde.

Burning: Nulltoleranse

Og så var det dette med burning. Det er ikkje akseptert. Vanlege trafikkreglar gjeld under heile festivalen.

Utanom inngjerda område under motorshowet vil burning bli følgt opp med ein reaksjon, ettersom det medfører stor risiko i store folkemengder, understrekar politiet.

Forbodet mot burning gjeld også i høgste grad i paradane. Om du skulle prøve deg på nokon form for burning i parade kan du risikere å miste lappen.

Drikking på offtenleg stad eller urinering rundt parkert bil eller buss er ikkje akseptert, heller ikkje når det er motorfestival.

Unødig køyring

Politiet oppmodar om å sleppe trafikken fram, og minner samtidig om å avgrense unødig køyring.

– Vi oppmodar om at folk avgrensar unødig køyring i sentrum utanom paradar og annan organisert aktivitet. Om folk skal halde fram med å køyre runde etter runde er dette til hinder for vanleg trafikk som kjem utanfrå og skal gjennom sentrum, seier Sunde.

– Så køyr ut og slepp trafikken fram!

Gjev ingen åtvaringar

Og om du trur at det er lov å prøve seg, til dømes med littegranne burning, så er det ikkje det, sjølv om det er festival.

– Det blir ikkje gjeve åtvaringar eller sett mildare på ting sjølv om det er Motorfestival, understrekar innsatsleiaren for politiet, Jan Tore Sunde.

– Vi vil ha ordna forhold, det gjeld både orden og åtferd, forsøpling, hygiene og sikkerheit. Og om alle føl reglane, blir det ei fin festivalhelg.