Vegvesenet har hundrevis av webkamera langs vegane. På sjølvaste julafta vart julenissen fanga på film på Utvikfjellet.

– Nissen dukka opp ved ein tilfeldig sjekk av webkamera på julafta. Det var svigerfar min som oppdaga denne karen, melder Jacob Trondsen.

– Tilfeldig eller ei: Bildet delast gjerne som ei påminning om at julenissen er ekte og finst på ekte, skriv Vinje i e-posten til Fjordingen.

Ifølgje VG er det Bjørnar Kleppe som står bak stuntet.

– Eg kledde meg ut og reiste opp på fjellet for å få ungane til å tru på julenissen - mine og alle ungane i bygda, fortel ein lattermild trebarnsfar til avisa.