Utbygginga av Stryn omsorgssenter går inn i sluttfasen. Ved komande månadsskifte blir det innflytting i vestfløyen som har 20 bueiiningar, nytt storkjøkken osv. På same tid vert dagsenteret, kantina, treningssenter m.m. i det restaurerte langbygget teke i bruk. Då gjenstår fullføring av vestfløyen (20 bueiningar) - eit arbeid som skal fere ferdig før sommarferien.
Det er ikkje berre den store bygningsmassen som blir lagt merke till. Fjordingen har fått spørsmål om det vesle bygget på baksiida.
- Dette var opphaveleg eiit lysthus på Vesla-eigedomen. Etter at kommunen overtok eigedomen, vart bygningen flytta, området opparbeidd som ein del av utearealet til omsorgsenteret. Det vesle huset er ein stad der bebuarar kan gå inn når dei oppheld seg på utearealet, opplyser rådmann Per Kristian Storevik.