Bønder som har investert i nye fjøs i distrikta, kan få over 20.000 meir i skatt neste år, skriv Nationen.

Årsaka er at regjeringa i framlegget til statsbudsjett foreslår å fjerne skattefritaket for investerings- og bedriftsutviklingsstøtte (IBU-midlar) frå Innovasjon Norge. Med det vil regjeringa forenkle skattereglane og oppnå likebehandling.

Bønder som har fått éin million kroner i støtte til å byggje nytt fjøs, får med dette forslaget 20.000 kroner ekstra skatt i året, ifølgje Norges Bondelag.– Regjeringa har prioritert å skape investeringslyst, men her aukar dei skatten for bønder som investerer. Det er svært negativt og aukar risikoen for dei som investerer, seier Bondelags-leiar Lar Petter Bartnes til Nationen.– Rammar unge bønderHan seier ein bonde som investerer 8 millionar kroner, og som får 2 millionar kroner i investeringstilskot, får rundt 46.000 kroner meir i skatt det første året. Over ein tiårsperiode aukar skatten med vel 350.000 kroner, ifølgje Bondelaget.– Over ti år aukar skatten med 350.000 kroner. Det gjer den kritiske fasen etter investeringa enda verre. Forslaget rammar unge bønder, rekrutteringa, og svekkjer investeringslysta, seier Bartnes.

Bartnes håper støttepartia til regjeringa stoppar forslaget i Stortinget, og KrF lover å ta opp kampen.– Det å skattleggje BU-midlane er ikkje eit tiltak som gjer det lettare for yngre bønder å satse. Vi klarte å stoppe forslaget til regjeringa om generasjonsskifte i fjor. Dette er éi av sakene eg vil ha høgt på prioriteringslista mi når eg går inn i forhandlingar igjen, seier KrF-representant Line Henriette Hjemdal til Nationen.Fleire forslagFinansdepartementet reknar med at den samla skatteauken utgjer rundt 60 millionar kroner i året.Forslaget kjem i tillegg til forslaga om å opne for jordbruksfrådrag til aksjeselskap og å fjerne bukravet.Regjeringa foreslår òg å fjerne skattefritaket for distriktsretta investeringsstøtte over Kommunaldepartementet. Startavskrivinga for gardsutstyr som traktorar, mjølkerobotar og fôringsmaskiner blir òg avvikla, dersom Solberg-regjeringa får det som ho vil. (©NPK)