Gunnar Holien, sjef for Bø Brothers Fan Club, har stor tru på at brørne Bø kan gi han og resten av supporterskaren eit nytt høgdepunkt i løpet av VM. Det førre fann nemleg også stad i Holmenkollen.

- Ja, det trur eg må vere då Tarjei gjekk seg opp frå ein plass rundt 40 etter sprinten, og til ein sølvplass og vann verdscupen samanlagt i 2011, seier Holien.

Lagar liv

Når det gjeld fanklubben er det neste helg som gjeld.

- Vi måtte sjå litt på programmet på grunn av jobb og andre ting, og for oss blir det fellesstarten og stafetten neste helg, seier han. Då blir dei ein god gjeng på kring 20 personar utstyrt med supportervestar, flagg og banner.

- Når vi er ute på konkurransar så ser vi gjerne ein og annan med t-skjorte med bilde av Bjørndalen eller Svendsen. Men vi har til gode å sjå nokon som lagar like mykje liv som oss, flirer han.

Trua på meir medaljefangst

Sjølv om det er neste helg som gjeld for fanklubben var Holien på plass i Holmenkollen også på opningsdagen, då gjennom jobben. Ut frå det han såg er han optimist med tanke på fortsettelsen. Han trur dei eventuelle svakheitsteikna ein kunne sjå hos Tarjei og Johannes, berre gir ekstra skjerping inn mot sprinten i dag.

- Vi har trua på to Bø-gutar på pallen individuelt i løpet av VM, slår ein optimistisk Holien fast.

Under fellesstarten og herrestafetten neste helg stiller omlag 20 personar frå Bø Brothers Fan Club. Her under verdscupen i Holmenkollen i fjor.