Kommunestyra i Ørsta og Volda har i dag og imorgon fellesmøte i Loen. Tema er kommunereforma.
Ordførarane i Stryn og Hornindal er i føremiddag gjester og kjem med helsingar, og det vert ikkje lagt skjul på at ei muleg samanslåing er eit høgaktuelt tema.
- Vi skal diskutere ei muleg felles framtid for Ørsta og Volda, men også sjå på om det er mulegheiter for å inngå samarbeid med naboane Stryn og Hornindal, sa voldaordførar Jørgen Amdam innleiingsvis.
Han understreka at ein slik kommune ville gje ein av dei største kommunane i landet i utstrekning, med dei utfordringane det ville gje.
- Men det vil også gje eit betre tenestetilbod til innbyggjarane. Og dessutan sterkare regional makt, vi snakkar om maktbygging i høve til storsamfunnet, sa Amdam då han ønskte velkomen til møtet..
Ordførar Stein Aam frå Ørsta sa at han er sikker på ein ting: At banda mellom Ørsta, Volda, Stryn og Hornindal berre blir tettare og tettare.
- Personleg vil seie at det absolutt er i mi ånd, det eg no har vore med og bygd av relasjonar til desse kommunane. Så uansett om det skulle bli eit resultat som gjev samanslåing eller berre nærare samarbeid, vil vi uansett dra nytte av det, alle fire kommunane. Vi er blitt meir samansveisa, fastslo Aam i starten av møtet.
Sven Flo helsa frå Stryn kommune då møtet opna.
- Vi vil ikkje meine noko om det som skal skje i dette felles møtet mellom dykk frå Ørsta og Volda. Men vi er veldig spente på kva de er komne fram til i morgon, forsikra han.
Han understreka at det finst skepsis i eigen kommune når det gjeld samanslåing, og at det ikkje er nokon som har sagt at ein skal slå seg saman.
- Vi merkar i eiga kommune at der er historie i høve til å endre kommunestrukturen, at "dette får vi ikkje til for dette har gått gale før". Det ser vi i diskusjonane. Men vi må tenke opp og fram, sa Flo, som også trekte fram historiske band til Sunnmøre i høve til næringssituasjonen i Stryn kommune.
- Grunnen til at Stryn er der dei er i dag, er på grunn av sunnmøringar. Fleire bedrifter i Stryn heilt tilbake til den første industrireisinga er tufta på innovative sunnmøringar. Høyrest det rart ut?
- Nei! svara forsamlinga frå Ørsta og Volda.