Sals- og informasjonslokala for Reinheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark  i Skjåk er, takka vere tre stryneverksemder, blitt rikare. Det var riktig god stemning i Skjåk Almenning sine lokale torsdag då mange møtte til "Kick off". I naturen sine fargar, har stryningane levert sine interiørprodukt, og tilbakemeldingane var veldig gode i Skjåk, seier designar Gro Flølo i Farmhouse.

- Skulle ta naturen inn

- Oppdraget vårt var å lage eit showrom/salslokale som skulle framheve nasjonalparkane. Dette ved å ta naturen inn og bokstaveleg talt lage ein "portal" til Reinheimen og Breheimen. Målet var å få til ei oppleving for dei som kjem inn i desse lokala, gje dei ein forsmak på kva som ventar dei som vil oppleve aktivitetane og naturen i Skjåk. Folk skal hugse at dei har vore i desse lokala, og det skal trigge til bruk av Skjåk sine fantastiske natguroppklevingar, det vere seg jakt, fiske, hytte & fritid m.m.

- Konseptet innvendig, skal på sikt også gjere seg gjeldande utvendig, seier Flølo.

Ho fortel at stryneverksemdene fekk oppdraget i januar/februar i fjor, og at dei var ferdige med design på haustparten.

Tre stryneverksemder

Utanom Farmhouse, har deltakarane frå Stryn vore Fluorlux ved Arnt Magne Fredheim med fleire. Dei har produsert og montert store naturbilete som er tekne av fotografar i Skjåk. Møblane er skreddarsydde til lokalet og designa av Farmhouse. Produksjonen og monteringa er utført av Feel Free Production ved Jarl Even Eide og David Sigurdsson.

Gro Flølo seier til Fjordingen at dette er det første produktet levert til Skjåk. Ho hadde også eit møte med representantar som kan bety ytterlegare samarbeid.

- Vi kan utfylle kvarandre på mange område, seier Flølo som var den einaste frå Stryn på markeringa torsdag.