Ved utgangen av januar er det 1416 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 156 personar frå januar i fjor.

– Auken er ikkje større enn vi hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Dette gir seg størst utslag i kommunane Flora, Høyanger, Hyllestad og Førde, som til saman har ein auke på 174 ledige.

Samstundes har ni kommunar reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen i desse kommunane skuldast færre permitterte i fiskeindustrien.

Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund med 1,0 prosent, og Gaular og Hornindal, begge med 2,4 prosent. Hyllestad med 6,9 prosent, Flora med 4,4 prosent og Høyanger med 3,9 prosent, har høgast arbeidsløyse. Dette er dei einaste kommunane i fylket vårt som ligg over landssnittet.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 13 prosent frå januar i fjor. Det er store forskjellar mellom fylka og det er vestlandsfylka og Agder-fylka som står for auken. Sogn og  Fjordane har ein auke på 12 prosent.

Mange ledige stillingar

I alt 634 nye stillingar er registrert i januar, ein auke på 44 prosent frå januar i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og industri. Her er det mellom anna etterspurnad etter  tømrarar og laste- og lossearbeidarar. Den største stillingskategorien er likevel helse, pleie og omsorg, med 227 nye ledige stillingar.

– Dette viser at det framleis er gode moglegheiter for å skaffe seg jobb i Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei utlyste stillingane, er det minst like mange stillingar som ikkje er lyst ut offentleg, seier Thorsnes.