Tømmeravverkinga var i fjor på 10,2 millionar kubikkmeter, meir enn på nesten hundre år om ein ser vekk frå rekordsesongen 1989/1990.
Den høge avverkinga frå 2014 heldt dermed fram trass i at prisane gjennom det meste av året har peika nedover.
– 2015 har vore eit spesielt år med tanke på at skogeigarane har auka hogsten til eit historisk nivå samtidig som sagtømmerprisane har gått nedover. Normalt er auka tømmerprisar den viktigaste drivkrafta for auka hogst, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Landbruksdirektoratet.
Sidan april har sagtømmerprisane lege under nivået i dei tilsvarande månadene i 2014. Også for massevirke heldt prisane fram med å gå ned, slik dei har gjort sidan 2013.
Skogfylket Hedmark hadde den største avverkinga i fjor og stod for 28,3 prosent av hogstvolumet. Deretter kom Oppland (12,6 prosent), Buskerud (9,7 prosent), Østfold (7,5 prosent) og Vestfold (7,5 prosent), viser Landbruksdirektoratets statistikk.
Vestfold hadde den største volumauken med 73.000 kubikkmeter, mens Sogn og Fjordane hadde den største nedgangen med 65.000 kubikkmeter. (©NPK)