Tour of Norway for kids på sykkel i Stryn samla heile 356 deltakarar tysdag kveld. Veret spelte på lag med arrangøren, og det vart ei stor oppleving for born, foreldre, besteforeldre, folk frå sykkelklubben i Stryn som gav den omreisande arrangøren god støtte,  og alle andre som stilte opp i stadion-området.

Tommy Berglind, tilsett prosjektleiar og speaker for høvet var veldig godt nøgd med arrangementet:

- Eg er her for fjerde gong. Alltid fint å kome hit, og oppslutninga er god etter folketalet. No blir det å pakke ned alt i dei to store bilane vi har med hengarar. I morgon vert det nytt arrangement på Åndalsnes, sa Berglind.

I sykkelløpet var alle vinnarar, men Maria Hammer var nok ekstra heldig som vann sykkelen som var trekt ut på startnummer. Ho stilte i nest yngste klasse, og sykkelen var kjækomen kunne far, Benny fortelje. Støttehjula på den gamle sykkelen var nettopp fjerna, og Maria var moden for ein større tohjuling.