– Vi ser fram til alt, dette er årets høgdepunkt, seier Kristian Egge Lykkebø (17) og får samtykkande nikk frå resten av gjengen som er samla i sentrum.

Ein av karane legg like godt til, og til god latter frå dei andre: – Det er betre enn julaftan!

Det ungdomane gler seg aller mest til er paraden gjennom sentrum, og fleire av dei har planar om å delta med sine køyretøy.

Då Fjordingen møtte ungdomane i sentrum for ein liten prat hadde dei fleire ulike køyretøy å vise fram. Her var det ATV, UTV, moped, lett motorsykkel, mopedbil og traktorar i ymse variantar.

I fjor hadde Kristian Egge Lykkebø ein traktor, men i år er det ATV som er tingen.

– Ja, traktoren vart seld i fjor. Heldigvis, legg han til med eit smil.

Jakob Osvold Sunde (16) har ein liten mopedbil:

Liten mopedbil, stort anlegg i Jakob Osvold Sunde (16) sin doning. Foto: Thomas Thaule

– Det er ein 2014-modell, tosylindra diesel som går som eit «uveir»!

Andreas Vik (16) har ein ATV saman med faren. Men det er nok Andreas som står for flaggpynten og dei to terningane i fronten.

Andreas Vik (16) har pynta ATV'en med flagg og terningar. Wunderbaum hadde han derimot ikkje. Foto: Thomas Thaule
Thomas Lunde (16) har køyrt UTV i eit halvt år. Foto: Thomas Thaule

Thomas Lunde (16) fortel at han har køyrt UTV’en i eit halvt års tid. Elias Langeset (17) har ein Yamaha lett motorsykkel.

– Eg er skikkeleg fornøgd med den, seier han.

Erling Roset (17, t.v.) og Elias Langeset (17) føretrekkjer tohjulingar som framkomstmiddel. Foto: Thomas Thaule

– Men korleis er det å køyre når det regnar, då?

– Då er det berre å kle seg godt, og køyre forsiktig, svarar han.

Ved sida av står Erling Roset (17) med sin Honda moped.

– Denne har eg hatt i eit halvt års tid. Eg bur på Blakset, så det blir nokre kilometer. Men eg kjem meg dit eg vil med denne.

For nokre av ungdomane er det traktor som gjeld. Eskil Vonheim (16) brukar ein Same Explorer.

– Det er bror min sin traktor, men no har han fått billappen, så då har han ikkje bruk for denne.

Traktor er tingen for f.v. Eskil Vonheim (16), Sverre Vonheim (17) og Ole Kristian Lødemel (16). Foto: Thomas Thaule

Sverre Vonheim (17) svergar til ein Massey Ferguson 362.

– Den er eg fornøgd med. Framover og bakover er alt eg treng, seier han, og ei ny latterkule rungar blant kompisane.

Ole Kristian Lødemel (16) bur i Hornindal, og det blir nokre turar til Stryn i veka.

Ole Kristian Lødemel frå Hornindal polerer traktoren før det skal takast bilde. Foto: Thomas Thaule

– Traktoren høyrer til på garden, men det er eg som stort sett brukar den.

Truleg blir den passa godt på, for då det var klart for bildetaking måtte han polere panseret først.

Kristian Egge Lykkebø reklamerer gjerne for motorfesten. Foto: Thomas Thaule