Sandra Solheim Eide frå Olden har ei av hovudrollene i ein ny skulemusikal som tar opp viktige tema.

Fredag var ho og seks andre elevar frå Musikk, dans og drama-linja ved Firda vidaregåande skule på besøk ved Stryn ungdomsskule. Der viste dei ein kortversjon av musikalen Spring Awakening. Han blir først framført 11. og 12. februar.

– Veldig spennande I hovudrollene finn vi blant andre Sandra Solheim Eide som Wendla.

– Det er veldig, veldig spennande å vere med i denne musikalen. Eg synest det er viktig at det som blir teke opp i stykket, ofte er tema som er skjult eller tabu. Difor er det viktig å snakke om det, seier Solheim Eide. Ho går på dramalinja fordi ho synest det er spennande å stå på ei scene, og kanskje mest fordi ho får formidle noko gjennom teater.

– Eg er veldig glad i den kreative sida med teater, så eg vil nok satse på dette framover, seier dramaeleven frå Olden.

– Kjekk dansetimeEi elevgruppe som har Sal og Scene som valfag, fekk vere med på ein spesiell dansetime. Dei fekk ei kort innføring i eit utdrag frå musikalen med to danseelevar i spissen.

– Det var skikkeleg kjekt. Vi fekk danse eit stykke frå musikalen, seier fleire av elevane. Dei valde å bli med på workshop fordi dei likar godt å danse.

På skuleturneNytt i år er at Firda-elevane er ute på skuleturne til ungdomsskular i heile fylket. – Det handlar om å gje noko tilbake til skulane og elevane i heimkommunen til elevane, seier Firda-lærar Solfrid Bjørkum. Prosjektet med konsert og workshop er i samarbeid med valfaget Sal og Scene ved Stryn ungdomsskule og Musikk, dans og dramalinja ved Firda vidaregåande.

Frustrert ungdomHandlinga i rockemusikalen Spring Awakening er lagt til 1800-talet. Elevane fekk eit innblikk i kva uttrykk ungdomane brukte for å få ut frustrasjonane sine. Tabubelagde og forbodne relasjonar mellom kjønn og vanskelege forhold til foreldre og skule er framleis aktuelle tema.

Elevane i 8. trinn ved Stryn ungdomskule fekk sjå ein kortversjon av skulemusikalen med nokre av elevane frå Firda vidaregåande skule.