Over 50 møtte fram i gymsalen på Loen skule laurdag, då nystarta Loen Karateklubb heldt introduksjonskurs. Mellom dei 54 var 11-åringen Christian Johannesen. Han har allereie to år bak seg i kampsporten, og fått oransje belte rundt livet.
- Eg har vore aktiv i nesten to år og har kome opp på nivå tre. Eg kjem til å halde fram i mange år, og eg satsar på å få svart belte ein gong i framtida, fortel 6. klassingen.
Johannesen med fleire i Loen Karateklubb startar opp regelmessige treningar denne veka.